Me er stolte over å ha fått til eit flott og variert festivalprogram til årets turnering! Me har utvida leikelandet på festivalområdet og tilbyr som tidlegare år også bading og sandvolleyball.
Laurdag føremiddag gler me oss til å sjå smilande utkledde deltakarar gå i tog ned til opninga på torget. Dette er eitt av høgdepunkta kvart år.
Laurdag kveld får me besøk av Henrik Schatvet som er ein av landets største komikere på TikTok, der parodiane og sketsjane hans er sett av fleire millionar. Dersom du ikkje er på TikTok, har du nok sett han spele sjølvaste Morten Mygg i NRKs julekalender «Jul i svingen». Me ser fram til å oppleve denne artige komikaren på scena!
Etter Schatvet kjem Guttavibez på scena. Den populære Stavangerduoen beståande av Tobias og Chris har blitt eit nasjonalt fenomen. Gutta skal underhalde små og store festivaldeltakarar og har lova mykje humor og energi på scena.
Søndag føremiddag vert det eit forykande show med lokale dansarar frå Spinae. På ettermiddagen kjem det artistar i frå Flaks Sjongleringsgruppe. Dei vil både ha eit show frå scena og lære vekk nokon triks til deltakarane.
Søndagen vert avslutta discotek der me også får eit gjensyn med dansarane i Spinae. Dette vert gøy!
Sjå heile programmet her: Festivalprogram 2025