Laurdag 07.06.24 går det fantastiske festivaltoget ned til torget kl. 11.15. Her er det full karneval-stemning med kostymer og musikk med ekte Rio de Janeiro-taktar! Toget endar i opninga av festivalen på torget ca kl. 12.00.

Måndag 09.06.24 er det finaledag i hallane, og kl. 11.30 vert det innløping og medaljeseremoni for alle spelarar og leiarar opp til og med J/G12. Dette er eit fantastisk skue, og verdt å få med seg sjølv om ein ikkje deltek i desse klassane sjølv.

Programmet under kjem til å verta oppdatert jamleg fram mot festivalen

FREDAG 06. JUNI
kl. 16.00:
Sekretariatet opnar for innsjekk *
kl. 18.00: Overnattingsplassane og campingen opnar for innsjekk **

* Ein frå kvart lag må hente deltakarband i sekretariatet
** Laga kan reise rett til overnattingsplassen


LAURDAG 07. JUNI
kl. 08.00-11.00:
Frukost i matsalen
kl. 09.00-22.30: Sandvolleyballbanen kan nyttast av deltakarane *
kl. 11.00: Oppstilling Festivaltog rundt Andadammen
kl. 11.15: Festivaltoget går til Torget **
kl. 12.00: Opning av Rema 1000 Handballfestivalen på Torget
kl. 13.00: Kampane startar på alle banar
kl. 13.00-17.00: Middag i matsalen (Taco)
kl. 13.00-17.30: Hoppeslott og andre aktivitetar ved grasbanen
kl. 15.00-18.00: Bading i Kulturhuset *

* Bading og sandvolleyballbane må bestillast i sekretariatet
** Beste innslag i toget for gjestande lag og Stord vert premiert  


SØNDAG 08. JUNI
kl. 06.30-10.30:
Frukost i matsalen
kl. 09.00-22.00:
Sandvolleyballbanen kan nyttast av deltakarane *
kl. 09.00-21.00: Bading i Kulturhuset *
kl. 10.00-17.30: Hoppeslott og andre aktivitetar ved grasbanen
kl. 13.00-17.00: Middag i matsalen (Lasagne)
kl. 19.00-21.00: Diskotek for J/G7-11 i Gamlehallen
kl. 21.00-22.30: Diskotek for J/G12 og eldre i Gamlehallen

* Bading og sandvolleyballbane må bestillast i sekretariatet
** Konsert og show på den vesle scena ved grasbanen


MÅNDAG 09. JUNI
kl. 06.30-10.30: Frukost i matsalen
kl. 08.00: Kampane startar
kl. 08.00-14.00: Sandvolleyballbanen kan nyttast av deltakarane *
kl. 11.30-12.30: Medaljeseremoni i Nyehallen for J/G7-12 **
kl. 12.30: A-finalane startar i Nyehallen
kl. 12.30-16.00: Middag i matsalen (Lapskaus)
kl. 15.30: Siste A-finale startar i Nyehallen

* Sandvolleyballbane må bestillast i sekretariatet
** Oppstillling bak Nyehallen seinast kl. 11.15