Festivalen er mykje meir enn berre handballkampane, og me vidareutviklar grepa me gjorde i 2024 med å leggje til rette for at dei yngste spelarane skal få betre tid til å kosa seg med turneringskjensla og dei andre aktivitetane me kan tilby på området. Me kjem til å ha kjekke aktivitetar på festivalen i 2025. Under kan du lese noko om kva aktivitetar me hadde i 2024. 

Du finn dei fleste av våre aktivitetar på «Stadion».

Inngangen til Stadion er like ved vår miniscene. Her kjem du først til vårt aktivitetstelt der du kan konkurrere mot lagkameratane i eit parti bordtennis. Du får og høve til å teste kastearmen ved å skyte piler mot vår ballongvegg. Sprekk den, sprekk den ikkje?

Som handballspelar har ein ofte god balanse. Klarer du å gå planken i vår mini-løype?

Treng du eit hemmeleg våpen til kampane, finn du og vår stasjon for ansiktsmaling der. 

På utsida av teltet på vegen mot hoppeslotta og FunBallz kan du slå lagkamerater i eit slag stigegolf.  

Det er med andre ord eit variert tilbod som skal kunne utfordre deg på fleire måtar - og ALLE AKTIVITETANE ER GRATIS!