Me kan og i år tilby parkering av bubilar og campingvognar på Skeisebanen like ved festivalområdet. 

Merk at dette ikkje er ein campingplass, men eit tilbod om parkering - og me har eit avgrensa antal plassar til rådighet. 

BESTILLING
Send søknad om plass  pr. epost til  bobil@handballfestivalen.no.

ANKOMST
Køyr til Circle K-stasjonen på Vabakkjen, skeisebanen ligg rett overfor vegen for bensinstasjonen - på venstre hand når du køyrer ut av rundkjøringa (med Circle K på høgre side). 

AVREISE
Bilane vert i utgangspunktet ståande parkerte til måndag, dersom ein skal heim på søndag så er det viktig at me får beskjed om dette slik at utkøyring vert mogleg på søndagen.

PRIS
650 kr. pr. bubil / campingvogn.

  • Det vert lagt ut straum
  • Det vert sett ut vask med kaldt vatn ved kortsida av skeisehuset (mot sentrum)
  • Det vert sett ut brannsløkkingsapparat (plassering merka på kart)
  • Det finst eit toalett tilknytta garderoben i skeisehuset som kan nyttast, elles må de bruka dykkar eigne toalett

Innbetaling seinast 2. mai 2024 til bankkonto 3520.07.12291 (Handballfestivalen).

Merk innbetalinga: Camping HBF 2024, <REG.NR> og <NAMN PÅ BESTILLINGA>
Eks: Camping HBF 2024, TL99999, Ola Nordmann  

Velkommen til Rema 1000 Handballfestivalen 2024!