Festivalen er mykje meir enn berre handballkampane, og me har i år tatt grep som gjer at dei yngste spelarane skal få betre tid til å kosa seg med turneringskjensla og dei andre aktivitetane me kan tilby på området.

Du finn dei fleste av våre aktivitetar på «Stadion».

Inngangen til Stadion er like ved vår miniscene. Her kjem du først til vårt aktivitetstelt der du kan konkurrere mot lagkameratane i eit parti bordtennis. Du får og høve til å teste kastearmen ved å skyte piler mot vår ballongvegg. Sprekk den, sprekk den ikkje?

Som handballspelar har ein ofte god balanse. Klarer du å gå planken i vår mini-løype?

Treng du eit hemmeleg våpen til kampane, finn du og vår stasjon for ansiktsmaling der. 

På utsida av teltet på vegen mot hoppeslotta og FunBallz kan du slå lagkamerater i eit slag stigegolf.  

Det er med andre ord eit variert tilbod som skal kunne utfordre deg på fleire måtar - og ALLE AKTIVITETANE ER GRATIS!