Det vert lagt stor vekt på tryggleiken til deltakarane, føresette og klubbar som sender born og ungdom til oss skal veta at tryggleiken er ivareteken. Me har eigne fagfolk som har det overordna ansvaret for tryggleiken under festivalen, i tillegg til alle som er i sving med raude, grå, blå, oransje og rosa t-skjortar.

Me har og open kanal inn til politi og brannvesen under festivalen for å forsikra oss om at alt skal legge til rette for ein trygg oppleving for alle under turneringa. 

Rema 1000 Handballfestivalen er sjølvsagt eit rusfritt arrangement.

Dersom ein har noko ein ønskar å melde frå til festivalen om, eller har spørsmål til, så er sekretariatet klare til å hjelpe og ta i mot meldingar.