Rema 1000 Handballfestivalen følger NHF sitt kampreglement, med noen tilpasninger som listet opp på denne siden. For miniklassene har me eigne retningslinjer som kan sjåast her. Frå 13 års klassen kan eitt lag nytta det antalet spelarar det ønskjer under ein kamp. Maks 14 spelarar premieres i finalane i klassane 13 – 16 år. Det er tillatt å benytte ein spelar frå same klubb på flere lag i turneringa, men ikkje i same årsklasse.
Kamparena
Me spelar kampar i fire hallar og mange banar utendørs, men 13-årsklassane og eldre spelar alle kampane sine inne. Ute spelar me på kunstgrasbanen og grasbanen - minikampane vert spelt på kunstdekke (tennis- og friidrettsbane). Hugs eigna sko; handballsko eller joggesko (ikkje fotballsko med knottar).
Det er i utgangspunktet IKKJE sekretariat på kampane. Dommarane har kontroll på tidtaking og målprotokoll.
Det er ikkje anledning til å ta time-out i nokon årsklassar.
Kampstart
Laget som står nevnt først i kampoppsettet:
- stiller til venstre for sekretariatet
- stiller med godkjent kampball (i henhold til reglementet)
- bytter drakter/tar på vester ved draktlikhet
- tar avkast
Speleform i dei ulike årsklassane
Minikampane vert spelt utandørs på minibanar, medan alle andre utendørs kampar vert spelt på banar med samme storleik (me skil ikkje på kortbane og fullbane). Det vert nytta nedsenka tverrligger i dei klassane som nyttar dette i seriespelet (9-, 10- og 11-årsklassane).
Minihandball: 6-8 år (2018, 2017 & 2016)
- Aktivitetsserie
- Fire spelarar (flygande målvakt)
- Minimål
- Ikke resultattavle
- Speletid: 1x13 min
- Ballstorleik: str. 00 Mykball i J/G 6+7, str. 00 i J/G 8
- Kampar: 5 (to lørdag og tre søndag), eller 2/3 om ein melder på ein dag
Sjå veiledande spelereglar for desse klassene på denne siden.
5’er handball: 9-10 år (2015 & 2014)
- Aktivitetsserie
- Fem spelarar (flygande målvakt)
- Nedsenka tverliggar
- Ikke resultattavle
- Speletid: 1x18 min
- Ballstorleik: str. 00 i J/G 9, str. 0 i J/G 10
- Kampar: 5 (to lørdag, to søndag og ein måndag
6’er handball: 11-12 år (2013 & 2012)
- Aktivitetsserie
- Seks spelarar
- Nedsenka tverliggar i J/G 11
- Resultattavle, ikkje publiserte resultat
- Speletid: 1x18 min
- Ballstorleik: str. 0
- Kampar: 5 (to lørdag, to søndag og ein måndag)
7’er handball: 13-16 år (2011, 2010, 2009 & 2008)
- Sluttspelsklassar
- Speletid: 2x13 min
- Ballstorleik: str. 1 i J/G 13+14, str. 2 med klister i J/G 15+16
- Kampar: minimum 4 (minimum tre gruppekampar + sluttspel)
- Sluttspel: dei to beste laga i pulja går til A-sluttspel, resten til B-sluttspel
- Laga kan nytte det antalet spelarar ein ønskjer under kampane, men maks 14 spelarar vert premiert i finalane
- Det er tillatt å benytte ein spelar frå same klubb på flere lag i turneringa, men ikkje i same klasse
- Laga i klassane 13-16 år må legge inn spelarstall i systemet før kampane startar
Slutspelreglar
2 poeng for siger, 1 poeng ved uavgjort, 0 poeng ved tap. Ved likt antal poeng etter endt puljespel vert rekkefølgja på laga avgjort etter følgjande prioriteringar:
1) Målskilnad alle kampar i pulja
2) Flest scora mål alle kampar i pulja
3) Innbyrdes poeng
4) Målskilnad innbyrdes kampar
5) Flest scora mål i innbyrdes kampar
6) Loddtrekning
Presiseringar
Eit lag må spela alle innleiande kampar for å komma til A-sluttspelet. Lag som spelar med dispensasjon er merka * i kampoppsettet, og endar sist i puljespelet. Dei får spela første kamp i B-sluttspelet, men vil uansett resultat bli satt som tapar av denne kampen, og motstandaren går vidare til neste runde. Dersom eit lag ikkje møtar til kamp, ventar dommaren maksimalt i fem minutt før frammøtte lag vert tildelt sigeren (dersom dette ikkje skuldast forsinking i annen kamp for same lag).
Uavgjort etter full tid
I sluttspelet vert ”første målet vinner” nytta ved uavgjort resultat etter ordinær tid. Det v ert nytta loddtrekning for å avgjera kva lag som skal starta med ballen når det skal spelast ”første målet vinner”. Ved fortsatt uavgjort resultat etter fem minutter speleforlenging, vert kampen avgjort ved myntkast.
Premiering
- Pokal til finalelaga i A-sluttspel og pokal til vinnaren av B-sluttspel (J/G13-16)
- Individuelle premiar til finalelaga i A-sluttspel (maksimalt 15 premiar pr lag)
- Høytideleg medaljeseremoni mandag formiddag for alle spelarane i J/G 6-12 år
- Kåring av Fair Play-klubb på finaledagen
- Finalens beste spelar vert kåra i alle A-og B-finalar
- Beste klubb vinn kr 10.000 (vert utdelt på finaledagen)
- Nest beste klubb vinn kr 5.000 (vert utdelt på finaledagen)
- Stord deltek ikkje i Beste Klubb-konkurransen.