Desse reglane er gjeldande for miniklassane på Rema 1000 Handballfestivalen (6-8 år)

  • Avkast frå midten tas kun ved start av kampen
  • Etter scoring startar målvakt spelet frå målfeltet sitt
  • Kontringer er lov, men bør begrensast om kampen ikkje er jamnspelt
  • Ein kan ikkje score mål frå eigen banehalvdel
  • Det er ikkje hjørnekast, men målvaktens ball uansett når ballen har passert kortlinja.
  • Det er lov å spele med utgruppert forsvar, men me ber om lagleiarar kan styre kampen saman om det eine laget er veldig dominerande - husk: alle har eit ansvar for at alle skal ha ein god oppleving på banen!
  • Alt forsvarsspel må vera ballorientert. Det er lov å snappe  ball, men trenarane bør unngå dette dersom eget lag blir for dominerande.
  • Det skal ikkje vera mykje fysisk kontakt mellom spelarane i form av taklingar og holdingar.
  • Reglar om ballbehandling (tre skritt og tre sekunder) bør kun håndhevast når spelaren har hatt vesentlig fordel av aksjonen.

I minihandball brukar me ikkje advarsel og/eller utvisning. Dersom ein spelar begår regelbrot mot motspiller eller opptrer usportsleg, skal dommaren snakke til spelaren/lagleiaren. Ved gjentatte regelbrot frå ein og same spelar, skal dommeren få lagleiar til å bytte ut spelaren og korrigere denne, før spelaren igjen er speleklar.