Me har høgt fokus på Fair Play og gjer alt me kan for å legge tilrette for ei fin handballoppleving hos oss i pinsen. Samstundes veit me at det kan oppstå situasjonar som gjer at eit lag ønsker å protestere på ei hending eller utfall. 

Levere inn protest
Eventuelle protestar må følgja NHF's protestreglement, og protesten må stadfestast skriftleg til juryen seinast 30 minutt etter kampslutt. Protestgebyret er på kr 1.000,- og må betalast saman med protesten.

Jury
Protestar vert handsama av turneringsjuryen frå arrangøren. I tillegg skal juryen bestå av ein nøytral leiar frå eit gjestande lag, samt ein representant fra dommarane.