Me nyttar skular, barnehagar og andre passande lokale for å huse alle våre tilreisande gjester denne helga. Me har stort trykk på overnatting, og me som arrangør set veldig stor pris på at alle som kjem for å overnatte bidreg til at innkvarteringa blir ei positiv oppleving for alle involverte. 

Husk sovepose (eller dyne) og madrass - og at ein ikkje kan ha med dobbelmadrass på grunn av plassavgrensingar. 

Her finn du oversikta sortert på klubb

GPS og kart til alle overnattingsplassane finn du her

Ved ankomst

1) Lagleiar tek bilde av rommet slik at ein veit korleis det skal sjå ut når ein reiser

2) Rydd vekk bord og stolar inntil veggane (må ikkje flyttast ut av rommet)

3) Sørg for at ein ikkje blokkerer nødutgangar og rømingsvegar - desse må vera fri!

4) Lagleiar gjer seg kjend med rømningsvegar, nødutgangar, brannmeldarar og sløkkeutstyr

5) Lagleiar gjennomgår branninstruks som viser eller forklarer felles samlingsplass ved nødsituasjon med alle spelarane sine

6) Lagleiar gjer seg kjend med rutinane for tinging av transport til festivalområdet (dersom nødvendig) - sjå våre transport-sider her.


Ordensreglar

Me er avhengige av å få låne skular, barnehager og andre lokale - og me håpar å få låne dei igjen til neste festival. Derfor ber vi om hjelp frå våre gjester til å ta vare på lokala og at me gir dei frå oss like fine som me overtok dei. 

  • Det er strengt forbode å bruka open eld / røyking innendørs
  • Vær merksam på brannfaren ved utandørs grilling
  • Det er STRENGT FORBODE å opphalde seg/klatre på tak
  • Ballspel innandørs er ikkje tillatt
  • Vannballongar er ikkje tillatt på overnattingsstaden sitt område
  • Romma vert ikkje låste, ikkje legg igjen verdisaker på romma
  • Søppelsekkar kan hentast hos vakta og leverast tilbake samme stad
  • Alle skal vere inne på rommet kl. 23.30
  • Det skal vere ro på alle rom kl. 00.00
  • Respekter laga som ein bur saman med
  • Det er strengt forbode å lade elbil på skulane


Ved nødsituasjon

Dersom brannalarmen går, skal alle forlate bygningen straks. Lagleiar skal så samle alle spelarane sine utanfor bygningen i henhold til branninstruks på avtalt samlingsplass. Lagleiar er sjølv ansvarleg for oppteljing av lag og å melde tilbake til skulevakta og turneringssekretariatet (tlf. 53 49 09 90). 


Før avreise   

1) Rydd og kost rommet

2) Sett tilbake stolar, bord og andre ting som vert rydda vekk ved ankomst (sjekk bilde som vart tatt)

3) Gå gjennom og få godkjent rommet av vakta før ein reiser

Alle må vere sjekka ut av romma seinast kl. 10.00 på mandag.