Påmeldingane vert godkjende så snart betalinga er stadfesta mottatt. Merk at klassane har avgrensingar på antall lag og kan bli lukka før fristen for påmelding går ut. Bruk venteliste-funksjonen, så kan ein få plass litt seinare. 

Klassar med få påmeldte lag kan bli slått saman. 

Påmeldingsavgift
6-8 år: 900 kr
9-12 år: 1.500 kr
13-16 år: 1.800 kr

Påmeldingsavgift vert ikkje refundert ved trekking av lag etter 5. april. 

Deltakarkort
A-kort: 1.600 kr
B-kort: 700 kr
D-kort: 1.000 kr

Spelarar: A-kort til dei som skal overnatte, B-kort til dei som ikke skal overnatte. Minilaga (6-8 år) skal og bestille B-kort, men betalar ikkje for korta då desse er inkludert i påmeldingsavgifta til minilaga.  

Lagleiarar: D-kort til dei som skal overnatte (maks. 2 stk pr. lag), dei som ikke skal overnatte treng ikkje deltakarkort.

Me har diverre ikkje plass til at føresette kan overnatte med laga. Det er heller ikkje plass til fleire enn to lagleiarar pr. lag.   


Om deltakarkort

Ved kjøp av deltakarkort får en tilgang til eit svært godt sportsleg tilbod, eit mangfald når det gjeld opplevingar og eit trygt og triveleg opphald. Alle deltakarar som er med på turneringa må ha deltakarkort.

Eit A-kort inneheld turneringsdeltaking, overnatting, frukost og middag lørdag-måndag og fritidsaktivitetar.

Eit B-kort inneheld turneringsdeltaking og fritidsaktivitetar.

Eit D-kort inneheld turneringsdeltaking, overnatting, frukost og middag lørdag-måndag og fritidsaktivitetar.

Festivalen kan bli full for overnattingsplassar før påmeldingsfristen er ute og/eller klassane blir fylt opp. Derfor bør ein ikke vente for lenge med å bestille deltakarkorta.

Ta kontakt med oss dersom du lurer på noko.