Me har tryggleiken til spelarane som topp prioritet under festivalen, og me har fagfolk på vakt under heile pinsen i Førstehjelps-teamet vårt. Me har og opne kanalar til legevakt og har legar og sjukepleiarar på dugnadsvakt på området gjennom heile pinsen.
Me kryssar fingrane for at me ikkje skal få nokre skadar, men er førebudde på å ta godt vare på spelarar som kan komme til å trenge litt pleie og omsorg.
Førstehjelpen er plassert inne i Nyehallen, til venstre inn gangen etter du kjem inn hoveddøra. Den skal og vera godt skilta, men spør ein av oss med raud, oransje, blå eller rosa t-skjorte om du treng hjelp.