Helgas fargar

Helga nærmar seg, og våre ulike avdelingar er klare til å kle seg i sine eigne fargar. Under finn du ein oversikt over dei fargane som møter gjestane våre oftast i løpet av helga - og årets store endring er at arrangementskomiteen har endra farge frå grøn til rosa.

DEI ROSA
Festivalsjef Bjørn er superklar til helga! I tidligare festivalar har du sett dei i GRØNE t-skjorter, frå og med i år finn du arrangementskomiteen i ROSA t-skjorter - og dei er minst like klare til å svara på spørsmål frå store og små som før.

DEI ORANSJE
Tone og resten av kjøkken-gjengen har som alltid full kontroll på matserveringa og kioskane på området. Har du noko du lurar på om kjøkken og kiosk så er det berre å ta tak i ein med oransje t-skjorte.

DEI BLÅ
Runar og resten av gjengen hans på avdeling Sport gler seg til å blåse i gong turneringa kl. 13.00 på laurdag. Har de spørsmål om turneringsreglar eller kampavviklinga i helga så er det berre å finne ein med blå t-skjorte. Du finn dei og inne i squash-hallen bak sekretariatet i Nyehallen.

DEI KVITE
Tonje og resten av gjengen i førstehjelpen står klare til å hjelpa til med stort og smått som skjer på banane våre i helga. Me kryssar fingrane for at gjengen vert så arbeidsledige som mogleg, men om det er bruk for dei, så finn du dei i kvite vestar i klasserommet til venstre i Nyehallen  og i eige telt ved utebanane på kunstgraset.

DEI RAUDE
Arne er ein av om lag 800 fantastiske festivalambassadørar som har kledd på seg eit stort smil og raud dugnads t-skjorte. Dei er alle klare til å stå på heile helga for å gjere Rema 1000 Handballfestivalen til eit minne for livet for store og små. Har du noko du lurar på i løpet av helga, så er det berre å spørja ein i raudt❤️