📣KONSERT-ALARM📣

Lørdag 18. mai skjer det! 

Denne sommaren vil det store skipet Johan Castberg FPSO forlata Stord. Aker Solutions har ferdigstilt produksjonsskipet, og vil i lag med Equinor og partnarar markere dette med å invitera deg til å ta eit jallande farvel med Johan Castberg FPSO, med ei stor konsertoppleving!

Julie Bergan kjem, det same gjer AW0... og så har me ein hemmeleg artist på lur.

Rema 1000 Handballfestivalen er særskilt invitert med alle sine deltakarar på denne fantastiske konserten. Dette er sjølvsagt eit alkoholfritt arrangement med gratis inngang, og me i festivalen kjem til å sørge for salsboder på konserten. 

Konserten finn stad på Aker Solutions sitt område, ca 20 minutter gåtur frå Vikahaugane. Området opnar kl. 17.30 og sjølve konserten startar kl. 18.30 og sluttar ca kl. 21.15. Me kjem til å lage kampoppsett slik at alle kan gå på konserten:)

Me i Rema 1000 Handballfestivalen er utruleg glade for at me får vera med på denne konserten med vår flotte samarbeidsparter - og er stolte av å kunne tilby denne opplevinga til alle våre deltakarar på lørdagen.

Me gler oss:)