Påmeldingen er open!

Endeleg kan me opna for påmeldingar til Rema 1000 Handballfestivalen 2024! 

Me gler oss som alltid utruleg mykje til å ønske alle velkommen til oss i pinsen, og me har samstundes nokre ting me vil gjere dykk merksame på før påmeldinga:

  • 17. MAI vert ei fin oppladning til festivalen i 2024 - det vert ikkje kampar på fredagen
  • OVERNATTING i 2024 kan bli litt begrensa, så me anbefalar at ein ikkje ventar for lenge med å bestille deltakarkort. Ein kan oppleva at ein kan melde på lag, men at ein ikkje kan bestille deltakarkort og må skaffe eiga overnatting
  • SPELEFORMA i dei ulike klassene har blitt endra siden 2023 - sjå kampreglement-sida for oversikt
  • INNEVERANDE årsklassar vert nytta i 2024
  • SAMMENSLÅING av årsklassar kan bli aktuelt dersom det vert få påmeldingar i nokre klassar
  • VENTELISTE vert oppretta når ein klasse vert fullteikna. Me håpar å få plass til alle - så ikkje fortvil om du endar på venteliste i først omgang!

Ta kontakt med oss om noko er uklart - velkommen til Stord i pinsen!